Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Gudsteneste 10.september. Emne: «Hindringar som må bort».

Pastor Jens Thoresen

Når me les Bibelen, ser me at Gud gjer sine gode og store gjerningar i verda gjennom kyrkja si, gjennom truande menneske. Men ikkje sjeldan møter han på hindringar i dei han vil bruka. Det kan vera eit utilgjeveleg sinn, eit fiendskap, eit sinne, eit hat, ein ulovleg forbindelse, ein uærleg transaksjon, sjølvgode haldningar, ein urimeleg staheit og sjølvopphøging, saker og ting som Bibelen kallar synd.

Slike ting vil Gud reinsa folket sitt frå, og lukkast han med det, då får han stort handlingsrom hos oss, og me går underfulle tider i møte, tider med frelse og lækjedom frå himmelen.

Vel møtt i Kristkyrkja søndag 10. september kl. 11

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?