Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Blodferske inntrykk frå Tyrkisk kristenliv

Frå 9.-14. mars vitja pastor Thoresen Antalya Evangelical Church i Tyrkia, og på gudstenesta i Kristyrkja komande søndag vil han fortelja om ting han opplevde, folk han møtte og om ting han høyrde under turen. Tyrkia er no i nokon grad prega unntakstilstanden som vart innført etter kuppforsøket i juli 2016. Vanlege lover gjeld ikkje, og ingen veit heilt kva som kan skje i morgon. Folk verkar nervøse. Likevel var dei kristne han møtte der nede fulle av optimisme og mot. Dei har sett seg som mål å planta kyrkjelydar i alle byar og landsbyar i landet sitt, og det er med respekt å melda ein svær jobb og eit langt laup. Men ikkje umogeleg på nokon måte. I dag er det 150 protestantiske kyrkjelydar i Tyrkia, og halvparten av byane i landet er dekka. Men kyrkjelydane er små og heilt marginale.

Men at det går framover syner desse tala:  I 1970 var det fem (5) protestantiske kristne i Tyrkia. I dag er det mellom 5 og 6000. Det utgjer 0.008% av befolkninga. Resten er i all hovudsak muslimar. Det er grunn til å tru at jo større den kristne kyrkja blir, jo større press vil ho bli utsett for. Dei tyrkiske truande ser ikkje for seg ei framtid utan forfølging og liding.

Men i vår tid har me gleda av å sjå at det veks fram ei kristen kyrkje att i det området der det heile på mange vis starta. Men dei truande lever under press alt i dag. Ingen vert kristne utan å betala ein pris for det. Svært mange vert t.d. ekskluderte frå familiane sine, det einaste nettverket dei har, og andre misser jobben. Fordi det er slik, tenkjer folk seg grundig om før dei let seg døypa, og kyrkjelydane legg stor vekt å på fungera som familiar, og det sosiale livet er sterkt.

I Tyrkia fekk eg høyra mange sterke historiar om folk som hadde møtt Gud på ein slik måte at det var umogeleg å koma utanom han, og på gudstenesta søndag kan alle som ønskjer det få del i nokre av desse forteljingane.

VELKOMEN I BJELLANDSVEGEN 51 SØNDAG 19.MARS KLOKKA 11.

Frontpartiet på den nye kyrkja i Antalya. Framfor inngangen ser du frå venstre: Gunnar Dehli, pastor Erkan, pastor Ramazan og Jan-Eivind Viumdal

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?