Elles har me no også inngått ein fast støtteavtale med Antalya Evangelical Church i Tyrkia. I dette landet er 98% av befolkninga muslimsk. Dei fleste kristne er ortodokse. Om lag 3000 er evangeliske. Når Antalya Evangelical Church samlast til gudsteneste, må dei ha politivakt utanfor kyrkja. Elles vil dei fort bli utsette for åtak frå muslimske grupper. Dei treng vår støtte, og me går inn med 2000 kroner i månaden i første omgang. Kontakten blir formidla gjennom Stefanusalliansen. Det er lett å reisa til Antalya, og kanskje kan nokon av oss reisa ned og besøka pastor Ramazan (bilete under) og gjengen hans. Dei er svært offensive i sitt kristne uttrykk, og har no planta nye kyrkjelydar i Alanya, Lara og Kaleici. Fint å kunna støtta kristent arbeid i det område som Paulus i si tid starta misjonsarbeidet sitt i Asia (som det heitte på den tida)
Kategorier
Søk på siden
Her finn du oss: Bjellandsvegen 51
Gode nettsider
- Åpne Dører
- Asia Link Asia Link er ein misjonsorganisasjon som støttar og inspirerer nasjjonale evangelistar i 11 asiatiske land.
- Global bøn Gud formanar oss i 1. Timoteusbrev å be for alle menneske fordi han vil at dei skal bli frelst og læra seg å kjenna sanninga. Har får du hjelp til akkurat DET.
- Les Bibelen med Jens Gjennomgang av bøker i Bibelen, vers for vers der målet er å opplysa, inspirera og utrusta
- Likkledet i Torino Mysteriet, oppdaginga og bodskapen i verdas mest utforska objekt
- Pastorbloggen Pastor Jens Thoresen skriv her om ting han synest er viktige
- Samlivsbanken Undervsining om Bibelens samlivsetikk. Her er det mange ressursar til bruk i ulike kristne samanhengar. VIKTIG!
- Stefanusalliansen
- Wycliffe bibeloversettere

