Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Biskop Halvor Nordhaug «kasta lys» over årets fakkeltog

halvor-nordhaug-2Biskop Halvor Nordhaug heldt ein krafig appell for forfølgde kristne på torget. Noko over hundre frammøtte fekk høyra om kva kostnadar det inneber for menneske i Iran og Saudi Arabia å konvertera frå islam til kristen tru. Han fortalde om diskriminering, yrkesforbod, fengsling og endå til tap av liv for konvertittar i desse landa. Problemet er massivt og aukande, og det er all mogeleg grunn  for oss å protestera og mana til bøn og omsorg for våre kristne trussøsken som er utsette for denne typen urett, appellerte biskopen.

Fakkeltoget gjekk frå torget til kyrkja der sokneprest Eirik Aadland Tappel heldt ein framifrå tale ut frå Matteus 5,1-11, der han presiserte at ingen blir lukkelege av å ha det elendig, men elendige er lukkelege når dei har Gud. Difor er forfølgde kristne lukkelege menneske. Himmelriket er deira.

Elles var det fin song av koret Ichtus og av Heidi Rolfsnes, og soknerådsleiar Åsa Rygg las eit nylaga dikt som gjekk forsamlinga rett til hjarta.

fakkeltog-2016Fakkelbærarane var lydhøyre for biskopen sin bodskap

knut-vikestrandEin av dei frammøtte var Knut Vikestrad

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?