Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Ei fantastisk fin helg på Solgry

Me fekk ei strålande helg på Solgry. Varmt og godt i sola, om enn noko kaldare i lufta. Men barna og dei unge var ustoppelege. Dei bada og padla, spela fotball og basketball, synte «skilla» sine på Talentiaden og hadde det kjempekjekt. Og når det gjeld trykket i lovsongen, tok barna prisen. Så til dei grader.

I himmelen rullar og går lovsongen til Gud heile tida. Lovsong og glede er himmelens grunnstemning. Som englane og dei heilage lovsyng Gud, er det også vårt kall som menneske å ære, takka og løfta opp Gud, vår skapar og Far. Slik ryddar me også ei plattform for han til å regjera i oss og gjennom oss.
Kva skjer med oss når me døyr, spør Tone om her, eit spørsmål som aktualiserte seg veldig for henne for nokre veker sidan då faren hennar døydde. Det er stor trøyst i det ho underviser om her.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?