Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Gudsteneste 10. november. Tema: 9. og 10. bodet

Velkomen til gudsteneste for heile familien søndag 5.november kl 11. Pastor Jens Thoresen vil då forkynna om det 9. og 10. bodet der Gud bevegar seg langt inn i sinnelaget vårt. Eit ordtak seier: «Du er din eigen lukkes smed!» Dette ordtaket står ikkje i Bibelen. Der er det Gud som har teke på seg å gjera oss lukkelege, medan me på vår side har som oppgåve  å gjera andre lukkelege. Når me overgjev oss sjølve og heile vår lagnad til Gud, gjev han oss sitt eige sinnelag. Me seinkar skuldrane, lærer oss å slappa av og prøver ikkje lenger å få tak i alt mogeleg som skal løfta kvaliteten på liva våre, og slett ikkje det som er andre sitt. For det må jo vera uendeleg kjipt å bli lukkeleg på andre sin bekostning. Vel, du får høyra meir om dette viktige emnet på gudstenesta 10. november.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?