Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Søndag 29.april: Gudsteneste. Tema «Levande steinar»

Komande søndag, den 29.april blir det gudsteneste kl. 11. Då er det pastor Jens Thoresen som skal tala, og emnet vert «Levande steinar» ut frå teksten i 1.Peters brev 2,4. Då Jesus reiste til himmelen, etterlet han seg eit FELLESSKAP som skulle fullføra det han hadde starta på. Jesus hadde betalt prisen for alle menneskes frelse, men det var fellesskapet hans, KYRKJA, som skulle informera menneska om at alt var gjort opp for, og som skulle invitera alle menneske inn i Guds familie, inn i ein personleg relasjon med Far og som skulle gje dei ein forsmak på det som Bibelen kallar «kreftene frå den komande verda», som det står i Hebrearbrevet 6,5. 

Elles blir det som vanleg lovsong, søndagsskule og nattverd. I tillegg kaffi, kaker og sosialt fellesskap i etterkant 🙂 Vel mott til alle.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?