Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Blog Archives

Stemningsfull julekveldsgudsteneste

Julekveldsgudstenesta var som vanleg godt besøkt. Fullt hus og god julestemning med masse song og musikk, og med vårt tradisjonelle julespel. «Tidsbeste,» vart det sagt frå salen. Og det er sant. Talenta våre er unge, men veldig flinke. Dei får bodskapen klårt fram. På bilete til venstre ser me engelen som kom til gjetarane med dei dei gode nyheitane om frelsaren som var fødd i Betlehem. Louise Nordfonn var engel i stykker.                … Continue reading »

Agenda ut 2014

I helga var ein liten gjeng frå Kristkyrkja på misjonskonferansen AGENDA UT i Stavanger. Dette var ein konferanse som Norges kristne råd,  Norme , IMI-kirken og Klippen Sandnes arrangerte saman. Me fekk med oss mykje god undervisning og inspirasjon, og det var fantastisk godt å kunna lovsynga Gud saman med søsken frå mange arbeidslag under leiing av lovsongarar frå IMI.  På bilete under ser me eitt av desse flotte lovsongsteama leida av Øystein Øvergaard. Martin Cave hadde fleire undervisningssesjonar. Han… Continue reading »

Over 200 i årets fakkeltog

Ei langt tog med fakkelberande menneske slynga seg fram gjennom gatene i Leirvik fram til Stord kyrkje. Her var det mykje engasjement for verdas forfølgde kristne samla på èin plass. Etter eit kort arrangement på torget, bar det på veg mot kyrkja. På torget heldt den velkjende Rune Larsen ein brennande og innsiktsfull  appell, og i kyrkja talte prost Svein Arne Theodorsen. Han fortalde m.a. om den iranske biskopen Haik Hovsepian som var på besøk hos familien Theodorsen 3 veker… Continue reading »

120 menneske i fakkeltog for forfølgde kristne

Om lag 120 menneske møtte fram på torget torsdag 31. oktober for å gå i fakkeltog for forfølgde kristne verda over. Fremst i toget gjekk Linn Elise Sjursen saman med ei veninne. Dei var begge i godt humør og synte seg som gode føregongsjenter 🙂 På torget var det sokneprest Aksel Lygre som heldt ein varm og innsiktsfull appell. Han kunne fortelja at det sit minst 50000 kristne i Nord-Koreanske fangeleirar. Kanskje er talet så høgt som 70000. «Å forfølgja kristne… Continue reading »

Tim A Peters: Noko held på å skje i Nord Korea som kan skapa endring om ikkje lenge!»

I samband med fakkeltoget for dei forfølgde torsdag 31. oktober, var Eli Minde og pastor Jens Thoresen og møtte Tim A Peters i Bergen tysdag. Peters har skipa og leier organisasjonen Helping Hands Korea som har som føremål å hjelpa flyktningar som kjem frå Nord Korea til Kina vidare til Sør Korea, ved sida av at dei tek seg av mange barn fødde av nordkoranske kvinner som blir gravide med kinesiske menn. Barna dei får er illegitime, og får reduserte… Continue reading »

Påskebodskapen i vinternatta

Det er seint  påskeafta på Leirvik torg. Temperaturen nærmar seg minus fem, og over oss ser me planeten Jupiter (som akkurat i desse dagar passerer gjennom stjernebilete Tyren) og Capella, hovudstjerna i Kusken. Klårværet varer og varer, og med det vinteren. Me har rigga oss til med campingvogn, kristen musikk, bålpanne, to bord, ei steiketakke og ei eske med kristne traktatar. Me er ute på evangelisering, vil så gjerne få fortelja folk denne påska at Jesus har stått opp frå… Continue reading »

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?