Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

DiverseCategory Archives

Velkomen til gudsteneste søndag 18.februar klokka 12

Denne søndagen, første søndag i fastetida, skal me markera Bibeldagen, og då seier det seg sjølv at emnet blir Guds ord. Me skal samla inn pengar til Bibelselskapet sitt prosjekt i Gulfstatane der det er mange som blir kristne for tida, særleg mellom framandarbeidarane, som det er mange av i desse landa. Du kan lesa om Gulfprosjektet til Bibelselskapet her: https://bibel.no/bibelgaven/bibeldagen/bibeldagen-2024?gad_source=1&gclid=Cj0KCQiAoKeuBhCoARIsAB4WxtdxPhzC2MICq5yYvtHPorXxI2d6-QRxs1dohM8W1v-AVTMxZEbW5DUaAjlREALw_wcB

Det er pastor Jens Thoresen som forkynner.

Talen frå møtet i Zoar 11.februar

Gudsteneste 11.februar i Zoar på Halsnøy

Søndag reiser Kristkyrkja til Halsnøy for å vera med på Halsnøy indremisjon sitt føremiddagsmøte (gudsteneste) på Zoar bedehus. Ferga går frå Skjærsholmane kl 9.05. Indremisjonen har invitert pastor Jens Thoresen til å tala, og han vil ta for seg Salme 1, ei ufatteleg innhaldsrik salme. Alle er velkomne til å vera med.

Programinformasjon

Komande søndag er det ikkje gudsteneste.

11.februar reiser me til Halsnøy og feirer gudsteneste saman med venene våre på Zoar. Ferga går kl 08.55 frå Skjærsholmane, og gudstenesta startar kl 11. Kjekt om mange vert med.

Den 18.februar er det gudsteneste på Bjelland igjen. Då startar me kl 12

Bibelpodcast

2.februar 2024

Tale 28.januar 2024

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?