Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Gudsteneste 27.september

Velkomen til gudsteneste den 27.september kl 12.
Pastor Jens Thoresen vil tala over emnet «Kostbar tru».
Guds frelse er gratis. Men det følgjer alltid ein kostnad med å tru på Jesus, og særleg dersom me fortel om han til andre. Johannes døyparen måtte betala med livet sitt, og mange med han. Hans Nielsen Hauge vart fengsla fordi han frimodig vitna om Jesus. Han måtte betala med fridomen sin slik som tusenvis av evangeliske kristne i Eritrea opplever det den dag i dag. Frå mange muslimske land høyrer med om nye kristne som blir kasta ut av familiane sine og gjort arvelause fordi dei har valt «den gode del». Det er dette eg meiner med «kostbar tru». Den forfølgde kyrkja fortener at me står opp for henne, talar hennar sak, ber for henne og hjelper henne praktisk og økonomisk. Kom og høyr meir på søndag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *