Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

oktober 2025Monthly Archives

Velkomen til gudsteneste med hausttakkefest 9.november kl 12

Denne søndagen inviterer me deg til å dela med oss andre alt det gode Gud har gjort for deg i året som ligg bak, smått og stort.

Alle kan ta med seg eit bidrag i form av frukt og/eller grønt til hausttakkefesten.

Eit fargerikt fellesskap

På gudstenesta i dag var det samla folk frå 7 ulike nasjonar. Kristkyrkja er eit fargerikt fellesskap.

70-årsfeiring

Det skjedde mykje i Kristkyrkja i dag. Marie vart 70 år den 23.september. I dag feira me henne med felles middag etter gudstenesta laga av vår gode venn Harald Ersland. God stemning frå A til Å. Marie er diakon i kyrkjelyden, og er uvanleg viktig og verdfull person for mange.

Diakoninnsetting

I dag vart Svetlana Sætre innsett som diakon i Kristkyrkja, ei storhending for kyrkjelyden. Svetlana er ei forstandig kvinne med eit stort hjarta for Jesus og sine medmenneske.

Sterk tale på dei forfølgdes søndag

Her er manus til dagens tale som handla om kristne som blir forfølgde og diskriminerte på mange ulike måte. Bibelen formanar oss alle å hugsa på dei som er utsette for urett som om me var i deira plass. Eli Minde underviste levande og innsiktsfullt om dette emnet.

Søndag for dei forfølgde

Velkomen til gudsteneste søndag 19. oktober kl 12.

Meir enn 350 millionar kristne i verda er forfølgde fordi dei trur på Jesus. Verst er situasjonen i Nord Korea der folk kan bli dømde til døden for å eiga ein bibel. Men både Kina og Iran trugar med lange fengselsstraffer for å engasjera seg i ein illegal kyrkjelyd, eller for å snakka med nokon om Jesus og vegen til frelse.

Denne søndagen vil me setja fokus på denne viktige saka, og det er Eli Minde som skal tala. Eli har i mange år hatt eit djupt engasjement for dei forfølgde, og ho har mange år bak seg som medlem av representantskapet i Stefanusalliansen, ein norsk kristen menneskerettsorganisasjon. Søndag tek me opp kollekt til Stefanusalliansen.

Etter gudstenesta er alle invitert til eit betre måltid mat.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?