Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Velkomen til gudsteneste søndag 14. september kl 12

Denne søndagen får me besøk av Øystein Åsen frå Asia Link. Han er ein strålande forkynnar, sangar og musikant. Asia Link er ein misjonsorganisasjon som både leiar og støttar misjonsarbeid i mange land i Asia. Dei sender ikkje ut eigne misjonærar, men jobbar gjennom lokale evangelistar og kyrkjeplantarar, og besøker dei som driv prosjekta ganske ofte. Dette kjem til å bli ei gudsteneste du vil hugsa med glede, og Øystein Åsen blir verande i Sunnhordland til torsdag og besøka ulike kyrkjelydar og bedehusforsamlingar: Mandag kl 19: Jesuskvinner i Rosendal. Tysdag kl 19: Betania Øvrebygda (Fitjar) og Onsdag kl 19: Tittelsnes bedehus. Torsdag går turen vidare til Austevoll og deretter til Bergen. Vel møtt til alle som vil vera med.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?