Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

august 2025Monthly Archives

Velkomen til gudsteneste søndag 24.august

(17) 22. august 2025 – YouTube

Denne søndagen får me besøk av Ingvild Løklingholm frå evangeliseringsorganisasjonen Godt Nytt. Ho skal naturlegvis orientera om arbeidet til organisasjonen, og så er det også ho som skal tala denne søndagen. Det blir naturlegvis kollekt til Godt Nytt på søndag. Etter gudstenesta feirar med årets bursdagsjubilantar.

Velkomen til gudsteneste søndag 17.august kl 12

Tale v/pastor Jens Thoresen

Emne: «Bevar meg, Herre, for eg stolar på deg!»
Gud har påteke seg ansvaret for å bevara oss i trua på Jesus til vår siste dag på jorda. Til det har han gjeve oss sitt ord som «konserveringsmiddel». På søndag vil det bli ein del snakk om det. Me tek til oss hans ord, og han mettar, reinsar og leider oss ved Den Heilage Ande.

Gudsteneste søndag10.august kl 12

Velkomen til gudsteneste att etter sommarferien.

Pastor Jens Thoresen
Pastor Jens Thoresen

Denne søndagen vil pastor Jens Thoresen tala om «Det store gjestebodet». Gud inviterer alle inn i sin himmel, inn i sitt fellesskap, eit fellesskap fullt av glede og håp. Men skal me ha fellesskap med Gud, så må me faktisk ta imot invitasjonen og koma til han med liva våre, og overgje kva smitt og smule til han.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?