Denne søndagen er det pastor Jens Thoresen som talar. Teksten er Jakobs brev 1,12-19. Det er ein tekst som utfordrar og opplyser oss. Hjarteleg velkomen!


Det blir gudsteneste i Kristkyrkja søndag 15.mai kl 12. Pastor Jens Thoresen vil tala over emnet «Ny kraft, ny glede!» Det er første søndag etter pinse, og me skal halda oss til det som har med Den Heilage Ande å gjera, han som kom til læresveinane for å fylla opp tomrommet etter Jesus, og som sidan den tid ikkje har trekt seg attende.
Me fekk ei strålande helg på Solgry. Varmt og godt i sola, om enn noko kaldare i lufta. Men barna og dei unge var ustoppelege. Dei bada og padla, spela fotball og basketball, synte «skilla» sine på Talentiaden og hadde det kjempekjekt. Og når det gjeld trykket i lovsongen, tok barna prisen. Så til dei grader.