Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

mai 2025Monthly Archives

Gudstenesta i dag gav mange eit nytt syn på det jødiske folket, og på den rolle dei spelar i Guds plan med verda.

Det var kjekt og lærerikt å vera på gudsteneste i Kristkyrkja i dag. Arnt Jakob Holvik (på bilete saman med kompisen sin Christoffer), forkynte over Misjonsbefalinga i Matteus 28, og sydde det fint saman med det han og familien i desse dagar opplever i livet sitt. I august reiser dei til Kypros for å dela Guds kjærleik og bodskapen om Jesus for den jødiske befolkninga der . Det var veldig engasjerande å høyra på, og det skal bli spennande å følgja utviklinga av dette prosjektet. Ekstra kjekt er det for oss i Kristkyrkja at dei er så engasjerte i misjon mellom kurdarar. Gud har velsigna oss med mange kurdarar i Kristkyrkja, og me kjenner ein djup kjærleik til denne folkegruppa, og me har vedteke i kyrkjelydsrådet å adoptera kurdarane som «vårt» unådde folkeslag.

Talen i dag blir ikkje lagt ut på nett. Det handlar om sensitiv informasjon. Men kom innom Trodlahaugen 25 med ein minnepinne, så skal du få han med deg heim att heilt gratis.

Velkomen til gudsteneste 25.mai kl 12 med Arnt Jakob Holvik som talar

Denne søndagen er det Arnt Jakob Holvik som skal tala i Kristkyrkja. Arnt Jakob er ein spennande fyr som har bygd opp kyrkjelydar i Os, Bergen, i dei baltiske landa og i Armenia. No skal han flytta med familien til Kypros for ei tid og forkynna evangeliet for dei mange jødane som bur på øya. Holvik har ein lun måte å vera på, har stor kunnskap og han står fast på Bibelen som Guds ord. Du vil aldri angra på at du tok deg tid til å koma og lytta til Arnt Jakob Holvik. Etter gudstenesta vert det enkel servering.

18.mai: Oppmuntrande gudsteneste i fint sommarvær

Denne fine gjengen var samla i herleg sommarvær til utegudsteneste i dag. Det vart ei fin stund, og under grillinga etterpå var det rett og slett ganske muntert.

Friluftsgudsteneste 18.mai

Den 18.mai samlast me til friluftsgudsteneste på friområdet ved Sæbø gard, der me har vore så mange gongar før. Tema for gudstenesta blir «I hans namn skal omvending og syndsforlating forkynnast for alle folk» og «de skal få kraft ved at Den Heilage Ande kjem over dykk!» VEL MØTT!

17.mai 2025

I år stiller Kristkyrkja opp i Borgartoget som går frå Leirvik torg rundt kl 3. Marie Notland og Fahima Ali har laga ei ny fane som alle kristne kan gå under. På framsida står det JESUS LEVER og på baksida GUD, SIGNE VÅRT DYRE FEDRELAND. Så skal me synga fedrelandssalmer og andre fengande songar. Kom og ver med for å peika på Jesus som Noreg og nordmenns einaste sanne håp.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?