januar 2025Monthly Archives
Velkomen til gudsteneste 19.januar
Denne søndagen vil pastor Jens Thoresen tala ut frå Salme 6 vers 10: «Herren lyttar til mitt rop om nåde. Herren tek imot mi bøn!»
Bøna er ei stor gåve som Gud har gjeve oss menneske. Til og med ateistar ber når nauda vert stor nok. Det er fordi dei er skapte i Guds bilete, og når alt kjem til alt kan dei ikkje springa frå sine åndelege røter.
Vel møtt til ein spennande tale om bøn komande søndag.
Tale 12.januar. Skapt i Guds bilete
Kva betyr det for oss menneske at me er skapt i Guds bilete? Det er eit uvanleg viktig og grunnleggjande spørsmål, og her finn du nokre sentrale svar på spørsmålet.
Velkomen til gudsteneste 12.januar kl 12
Denne søndagen vil du få høyra pastor Jens Thoresen tala om emnet «Kva betyr det å vera skapt i Guds bilete?» Det er eit uvanleg aktuelt og spennande tema. Håpar å sjå deg i fellesskapet 🙂
Godt nyttår, og velkomen til gudsteneste søndag 5.januar 2025 kl 12
Pastor Jens Thoresen talar over Hebrearbrevet 3,12-14