Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Livleg og høgtidleg dåpsgudsteneste

Dåpshandling IDet vart ei munter og høgtidleg gudsteneste i Kristkyrkja i dag. Vesle Mirjam Mohamad vart døypt, og Marie Notland var ei verdig gudmor.

Fagleg leiar  i Åpne Dører Stig Magne Heitmann talte levande og sterkt om korleis Gud fører kyrkja si til siger midt i all den smerte som djevelen påfører ho. Han drog linjene frå Det gamle til Det nye testamentet, og vidare til kyrkjas lange og historie der martyriet slett ikkje har vore uvanleg.

Slik er det også i vår tid. Og Heitmann hadde med seg ein god ven frå Sør-Sudan, Dennis Odwogo som i ung alder måtte flykta frå livsfåre i heimlandet, etter at faren, som var pastor, hadde vorten drepen av sudanesiske soldatar.

I gudstenesta song Kristin Sundfør ein nydeleg song til dåpsbarnet. Det sterkt å lytta til, og det var ikkje så mange tørre augo i salen då. Håpar å få lagt songen ut her om ikkje lenge.

 

Stig Magne talar Stig Magne Heitmann er ein framifrå talar som alltid har ein bodskap frå Gud å koma med

Kristin syng
Kristin Sundfør har ei nydeleg stemme, og song så fint så fint til Mirjam.

Dennis Dennis Odwogo er ein mann som har opplevd meir smerte fordi han er kristen enn dei fleste andre

 

Etter dåpen Her er Mirjam med familie og gudmor. Frå venstre: Fahima Ali (mamma), Juliana Mohamad (søster), Marie Notland, Mostafa Mohamad (far) og pastor Jens Thoresen

 


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?