Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

februar 2016Monthly Archives

Gudsteneste søndag 28.februar

Marit 50 årSøndag er du hjarteleg velkomen til gudsteneste kl 11. Me held til i Bjellandsvegen 51. Marit Helene Aas vil tala om den gongen Jakob kjempa med Gud og vann. Utruleg spennande tekst.

Så blir det som vanleg søndagsskule, lovsong og nattverd.

Felleskristen bønekveld

prayer_meeting

Torsdag 25.februar møtest me igjen til «felleskristen bønekveld». Tid: 19.30. Medarrangørar: Den Frie Evangeliske Forsamling Ebeneser, Kristent Fellesskap, Nytt Liv, Stord Bibelsenter.

Ein refleksjon over Salme 49

http://www.mediafire.com/watch/nwjczc2ys53x15n/Bibelrefleksjon._Salme_49..m4a

Tale 14 februar over Salme 51,8-21 av pastor Jens Thoresen.

http://www.mediafire.com/listen/yknmy4j0ts9xbut/Salme_51%2C8-21.mp3

Årsmøte

Det blir årsmøte for Kristkyrkja i Kristkyrkja tysdag 16. februar.  Me startar med felles måltid kl. 16.30. Under kan du lesa Årsmeldinga for 2015:

ÅRSMELDING 2015

 

 

GODHET STORD 2016. INSPIRASJONSDAG

GODHET_logo_01_RGB
Me har for alvor begynt opptrappinga til GODHET STORD 2016. I den samanheng vert det INSPIRASJONSDAG på Horneland bedehus laurdag. Me startar kl 11, og held på til me er ferdige smile emoticon, truleg rundt kl 14. Der er alle som er interessert i å delta på Godhetsveka 31.mai til 4 juni hjarteleg velkomen til å vera med. Det blir undervisning om godhet som grunnkrafta i kristendomen, og gjennomgang av kva dette inneber i praksis for oss. Så blir det forfriskningar av meir kulinarisk art undervegs. Kom og bli med då vel

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?