Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Laurdag 10. oktober: Seminardag med pastor Dennis Balcombe

Dennis BalcombeKomande laurdag kjem pastor Dennis Balcombe på besøk til Stord, og han vil ha møter på Langeland skule frå føremiddag til kveld. Sjå lysing onsdag og fredag. Det er Stord Bibelsenter, Den Frie Evangeliske Forsamling og Kristkyrkja på Stord som står som arrangørar av møtene, saman med misjonsorganisasjonen Asia Link. Talane vert tolka til norsk av Eirik Jensen.
Dennis Balcombe har reist som misjonær i Kina sidan 1969, og det vert sagt om han at han har kanskje hatt større innflytelse på kinesisk kristenliv enn sjølvaste Broder Yun, den himmelske mann, som besøkte Stord første gong i 2003 og andre gongen i år.
I dag er Dennis Balcombe pastor i Revival Christian Church, som han etablerte då han kom til Kina, og han leier misjonsorganisasjonen Revival Chinese Ministries International. Gjennom denne organsiasjonen tener han dei mange huskyrkjene i landet, og har fått vore til stor hjelp for dei kristne med tanke på å leva i Guds kraft og bruka Andens gåver.
Etter at kommunismen kasta ut misjonærane frå Kina i 1949, har den kristne kyrkja hatt ein vekst i landet som er utan sidestykke i den kristne historie. I 1949 rekna ein med at det var 2 millionar kristne der. Talet i dag er mellom 100 og 150 millionar, og kvar dag kjem kanskje så mange som 30 000 kinesarar til tru på Jesus Kristus.
Det blir sagt om Dennis Balcombe at få kjenner den kinesiske vekkjinga så godt som han, og få har hatt meir å seia for denne vekkjinga enn han. Difor har han også fått tilnamnet ”den moderne Hudson Taylor”.
Me trur at Dennis Balcombe har mykje å bidra med til oss kristne på Stord, og ser fram til denne dagen saman med han.
Det blir forresten god servering under lunsjpausen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?