Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

«Skattejakt» natt til søndag

Det mest verdfulle me kan gje dei mest verdfulle er evangeliet om Jesus Kristus. Natt til søndag var Marie Notland, Marit Aas og Jens Thoresen på «skattejakt» på Leirvik, og på sedvanleg måte gav me folk Guds ord, svela og kaffi. Det vart ei fin natt for oss. Mange av nattvandrarane undrar seg svært over «gratisbutikken» vår. Då er det fint å kunna fortelja dei at Gud har ting å gje dei som er av langt større verdi, og at i Guds rike er gratisprinsippet velkjent og velprøvd :). På bileta under ser du Marit og Marie i full gong med førebuande aktivitetar.

Marit på evangelisering

Evangelisering, Marie

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?