Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

september 2015Monthly Archives

Kjekk ettermiddagstur i skogen 6.september

Etter gudstenesta og middagen søndag gjekk me ein gjeng på tur i skogen. Det var nydeleg vær, og store og små kosa seg godt saman. Her er nokre inntrykk:

Treklatring 6.sept

Harald, Mnarie, Tove og Øyvind, 6.sept

Marianne, Åsmund og Emilie på tur 6.sept

«Skattejakt» natt til søndag

Det mest verdfulle me kan gje dei mest verdfulle er evangeliet om Jesus Kristus. Natt til søndag var Marie Notland, Marit Aas og Jens Thoresen på «skattejakt» på Leirvik, og på sedvanleg måte gav me folk Guds ord, svela og kaffi. Det vart ei fin natt for oss. Mange av nattvandrarane undrar seg svært over «gratisbutikken» vår. Då er det fint å kunna fortelja dei at Gud har ting å gje dei som er av langt større verdi, og at… Continue reading »

Gudsteneste 6.september

MaritSøndag er det Marit Helene Aas som skal tala på gudstenesta. Ho skal fortelja og tala om den blinde mannen i Johannes 9 som fekk synet tilbake. Det er ein veldig fin tekst som lærer oss mykje om Guds gode vilje til å lækja sjuke. Vel møtt skal du vera i Bjellandsvegen 51 kl. 11.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?