Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

På gudsteneste søndag 20.september held me fram med å undervisa om lækjedom.

Jens-7På gudstenesta søndag skal eg tala over Matteus 8,1-17. Først lækjer Jesus ein spedalsk mann, så tenaren til ein romersk offiser, deretter svigermor til Peter og avslutningsvis alle som kom til han som var plaga av sjukdom og vonde makter. Jesu lækjedomsteneste var svært omfattande. Store deler av arbeidsdagane hans gjekk med til dette. Slik er den Jesus som me kjenner og har omgang med. Det er veldig oppmuntrande for oss som lever i ei verd der djevelen rasar og gjer stor skade. Velkomen til spennande undervisning, bøn, lovsong og nattverd.

Gudstenesta startar som vanleg klokka 11, og blir i kyrkja vår i Bjellandsvegen 51.

Etter gudstenesta skal me ha KYRKJELYDSMØTE der me skal drøfta vegen vidare med tanke på gudstenesteform og husgrupper.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?