Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Over 200 i årets fakkeltog

Fakkeltog 1

Ei langt tog med fakkelberande menneske slynga seg fram gjennom gatene i Leirvik fram til Stord kyrkje. Her var det mykje engasjement for verdas forfølgde kristne samla på èin plass. Etter eit kort arrangement på torget, bar det på veg mot kyrkja. På torget heldt den velkjende Rune Larsen ein brennande og innsiktsfull  appell, og i kyrkja talte prost Svein Arne Theodorsen. Han fortalde m.a. om den iranske biskopen Haik Hovsepian som var på besøk hos familien Theodorsen 3 veker før han vart drepen i heimlandet. Gripande.

Over 200 var med i toget, og i kyrkja var rundt 275 menneske samla. Det er rekord.

Fakkeltog 2014. Toget går

I toget vart det spesielt fokusert på den kristne pakistanse kvinna Asia Bibi som er dømt til døden for blasdemi. Det skjedde i 2009. Etter den tid har fembarnsmora sete i fengsel.

Rune Larsen heldt appell på torgetRune Larsen heldt appell.

Fakkeltog 2014. Nokre barnBarna liker svært godt å gå i fakkeltog

Stord kyrkje

Holy, holy, holy is Gud almighty, song Ictus til innleiing. Det var ein flying start på lovsongskvelden

Fakkeltog 2014. Rune og TerjeTerje Kleppe, Rune Larsen og koret Ichtus leidde lovsongen

Karim tenner lysKarim tenner lys for Iran

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?