Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

FAKKELTOG

Onsdag 29.oktober vert det enno ein gong FAKKELTOG for verdas mange forfølgde kristne. Dette er fjerde gongen me arrangerer fakkeltog på Stord, og i år saman med engasjerte menneske i 10 andre byar i landet. Siste året har vore kritisk for kristne i Irak og Nigeria. ISIL og Boko Haram går fram med stor brutalitet både overfor kristne og menneske frå andre trusretningar, og den aukande valdsspiralen gjer det enno meir påtrengande enn før å engasjera seg mot forfølging og undertrykking.

Me møter opp på LEIRVIK TORG kl 18 på onsdag. Der vert det appell av RUNE LARSEN. Han vert også med oss i kyrkja og leier lovsong samam med Terje Kleppe. Koret Ichtus vert også med.

Linn Elise og ei veninne

Fakkeltog

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?