Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

mai 2014Monthly Archives

Jesuskveld onsdag 14.mai

Onsdag 14.mai vert det ny Jesuskveld på Bjelland bedehus kl. 19.30. (Dei som vil eta kvelds med oss møter kl. 19)
Då samlast me for å lovsynga Han, dela Guds ord og be for kvarandre. Tema for bibelundervisninga denne kvelden vert «Brødunderet» slik det er fortalt i Johannes 6.

Vel møtt til alle.

Jesus openberrar seg for læresveinane sine. Tale v/pastor Thoresen 4.mai

http://www.mediafire.com/download/48zuhul4mrum3vo/Tale_4.mai_2014._Jesus_openberrar_seg_for_disiplane.WMA

 

Inntrykk frå Orlando

Frå 27.april til 1.mai var pastor Jens Thoresen i Orlando, Florida på kyrkjeplantingskonferansen Exponential 2014.
Det var 5000 menneske med på konferansen som vart halden i 1.Baptist Church of Orlando, der det var plass til 600o menneske i hovudsalen.
Pastor Thoresen reiste saman med ein god gjeng frå IMI-kirken i Stavanger, eit rett godt reisefølgje. Lovsongen var av beste merke, likeeins talarane. Ved å lytta til lydfila under bileta, vil du få vita litt meir om kva dette handla om.

Expotential 1Utsnitt av hovudsalen med tre store skjermar i front.

Exponential 5Fra venstre: Johannes, Torbjørn og Alexander frå IMI, Jann Even frå Salem Trondheim og Anne Kristin frå IMI. Under ein pause.

http://www.mediafire.com/download/2hv42sattx15v0x/Inntrykk_frå_Exponential_2014.WMA

 

 

 

Uroa oss, Herre

Uroa oss, Herre
når me er alt for fornøgde med oss sjølve,
når draumane våre blir til oppfylte
fordi me har drøymt for smått,
når me kjem trygt fram fordi me har seilt alt for nær land.
Uroa oss, Herre
når me i overflod av ting me har skaffa oss
har mista tørsten etter det levande vatnet,
når me er blitt forelska
i livet og har slutta å drøyma om æva,
når me i vårt strev etter å byggja ei ny verd
har tillate vår visjon om ein ny himmel å bli utydeleg.
Uroa oss, Herre
til større vågemot,
til å seila på vidare fatvatn
der stormane vil syna ditt meisterskap,
der me, når me misser land av syne,
må styra etter stjernene.
Me ber deg om å flytta horisonten av håp bakover for oss,
og pusja oss vidare inn i framtida
med styrke, mot, håp og kjærleik.

Sir Fancis Drake (1540-96)

Henta frå <http://christianity.about.com/od/prayersforspecificneeds/qt/revivalprayer.htm>

 

Gudsteneste søndag 4.mai Bjelland bedehus

Pastor Jens Thoresen Søndag blir det gudsteneste på Bjelland bedehus. Pastor Jens Thoresen skal forkynna frå Johannes 21,1 ff om då Jesus kom til læresveinane og sørga for skikkeleg fiskefangst, enno ein gong. Ein flott tekst som handlar om at me av og til må tilbake til start, og at når Jesus dukkar opp, då blir det fisk og få, og for menneskefiskarar betyr det mange frelste folk.

Så vil den same Thoresen også gje nokre inntrykk frå den store kyrkjelydsplantingskonferansen i Orlando som han nett er komen heim frå. 5000 menneske samla i 3 dagar for å lytta til undervisning, be og lovsynga Gud saman.

VEL MØTT TIL GUDSTENESTE SØNDAG!

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?