Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

«Her må de vera kvar laurdagskveld!» Mange ville snakka om Jesus påskafta.

påskeafta, evangeliseringBilete vart litt dårleg, MEN NATTA VART GOD. Frå 11 til 2 var det eit renn med unge menneske som ville prata om Jesus, varma seg ved bålpanna og forsyna seg med lappekaker og kaffi. Ein av dei unge vart verande saman med oss meir eller mindre heile natta. Han hadde vore tung til sinns før han gjekk ut. Men då han fann oss, fekk han ny energi, og humøret kom tilbake. Han hadde tenkt seg på restaurant, men droppa det. Var mykje kjekkare å vera på torget med det livet som var der. Ein annan sa: «Her må de vera kvar laurdagskveld». Det slår ikkje feil: Kjærleiken skaper trivsel, lys og håp.

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?