Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Godt nyttår, og litt om det eg trur er Guds planar for 2014.

Pastor Jens ThoresenMe ønskjer kvarandre alt godt for det nye året. Men me veit jo at mange ting vil henda som ikkje blir særleg godt. Slik er det alltid. Men me har det privelegium som Guds barn å omforma all smerte og alle umogelege situasjonar til BØN.

Mange av oss ber først og fremst for oss sjølve og våre næraste. Men Gud vil at me skal løfta blikket i 2014 og bli slike menneske som ber for andre, bli forbedarar. Jesus er ein forbedar. Han ber for oss dag og natt, bortsett for at det ikkje er noko natt der han er. Utan Jesu forbøn, ville me vore fortapte.

Jesus er vårt førebilete. Me må halda på med det som han held på med, og skal me følgja han, må me be for kvarandre, og for andre. Då set Gud seg i bevegelse. Utan at dei heilage ber, vil me ikkje kunna sjå Guds mektige gjerningar mellom oss.

Å bruka ein time i bøn kvar dag er ei investering som kastar enormt av seg. Dersom me alle gjer det, vil me sjå under etter under skje med folk. Då blir kristenlivet skikkeleg spanande å leva, og trua blir veldig mykje sterkare enn ho har vore før.

Det er nåde å få be. Gud har gjennom Jesus Kristus opna ein veg for oss heilt inn til seg. Me får koma fram for Gud, reine og rettferdige, heilt utan synd og skam, utan flekk eller rukke. Det er nåde over nåde. All ære til Jesus.  Barnerett gjev oss bønerett. Alt er dyrt kjøpt.

Eg ser for meg at me i 2014 kan få oppleva starten på ei ny bønerørsle som spreier seg over landet vårt. Eg kan ikkje tenkja meg noko anna enn at du vil vera med på den, vera ein del av det store Gud vil gjera 🙂

Det er betimeleg for meg på denne årets siste dag og minna om Paulus sine ord til Filipparane: «Eg gløymer det som ligg bak og strekker meg etter det som ligg framom!» Hugs, ven, at Gud har alltid noko betre på lager for deg og si kyrkje enn det du og me andre har opplevd og erfart så langt. Han har gøymt den beste vinen til slutt. Det skal me få erfara, vonleg også i 2014.

Eg har forventningar til Gud. Forventning heiter i Bibelen «tru.» William Carey sitt valspråk var: «Våg store ting for Gud, og vent store ting av Gud!» Det er eit fint valspråk, og det er heilt ok å adoptera det. Dei som ventar store ting av Gud, ber heile tida. Og berre dei som det gjer, ser noko vits i å våga store ting for Gud. For det er når me ber, me ser Gud og lærer å elska han og hans store sak.

Her er linken til ei bøn for 2014 som du kan be nokre dagar framover no. Elles vil eg rå deg til å bruka bønene under overskrifta «Kristne bøner» som du finn øvst på nettsida.

Ei bøn for 2014

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?