Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

«Gloria in excelsis Deo!»

Julespel 2013Lovsongen ljoma i Kristkyrkja på julafta då barna framførte syngjespelet om Jesu fødsel. Særleg tok dei godt under englesongen, «Gloria in excelsis Deo». I det heile var dei veldig flinke og gjennomførte heilt perfekt.  Applausen og premien etterpå var vel fortent.
Det var fullt hus og veldig god stemning på gudstenesta. Pastor Jens Thoresen talte om den gåva Jesus er for alle menneske, om gleda som råka gjetarane og kor ivrige dei må ha vore i ettertid å fortelja om Frelsaren til alle dei møtte. Meir utfyllande tekst kan du lesa ved å gå inn på linken under.

Me ønskjer med dette alle ei god jul og eit godt nyttår.

Julafta 2013

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?