Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Gode ting å henta på Agenda 1 konferanse

Frå venstre: Egil elling Ellingsen, biskop Graham Grey og Steve Bruns, tre sentrale personar i årets Agendakonferanse Fire sentrale personar på årets Agendakonferanse, frå venstre: Egil Elling Ellingsen, biskop Graham Grey og Steve Bruns, og Irene Cave.

Det var sterke inntrykk å henta frå årets Agenda 1 konferanse. Den anglikanske biskopen Graham Grey var hovudtalar. Han er til vanleg stasjonert i Cambrigde utanfor London, og jobbar i ein kyrkjeleg organisasjon som kallar seg Fresh Expression (Nytt uttrykk) som etablerer nye kyrkjelydar over heile England, kyrkjelydar som har evne til å kommunisera med menneske som aldri har vore i kontakt med den tradisjonelle kyrkja. I dag er det 120 000 menneske med i dette nettverket av nye kyrkjelydar, og det veks fort.

Grey underviste ut frå misjonstekstar i Matteus, Lukas og i Apostelgjerningane, og la vekt på at me må lytta til Gud og hans planar før me går i gong med å leggja våre eigne. Som regel går Guds rike fram ved at Gud rett og slett berre knuser våre planar til fordel for sin eigne. Det viser Skrifta mange døme på. For å få vita meir om Graham Grey og Fresh Expression kan du gå inn på denne linken:  http://www.freshexpressions.org.uk/

På laurdag var ein flott gjeng frå Kristkyrkja på Stord samla. Her er eit bilete frå lunsjen. Pastor Jens Thoresen er fotograf.

Kristtkyrkjegjengen på Agendakonf 2013

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?