Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

120 menneske i fakkeltog for forfølgde kristne

Linn Elise og ei veninne

Om lag 120 menneske møtte fram på torget torsdag 31. oktober for å gå i fakkeltog for forfølgde kristne verda over. Fremst i toget gjekk Linn Elise Sjursen saman med ei veninne. Dei var begge i godt humør og synte seg som gode føregongsjenter 🙂

Aksel Lygre På torget var det sokneprest Aksel Lygre som heldt ein varm og innsiktsfull appell. Han kunne fortelja at det sit minst 50000 kristne i Nord-Koreanske fangeleirar. Kanskje er talet så høgt som 70000.

«Å forfølgja kristne fordi dei trur er å bryta  heilt grunnleggjande menneskerettar. 200 millionar kristne verda over opplever diskriminering, trakassering, fengsling og tortur. Det er dette me reiser oss mot i dag samstundes som me syner at me står saman med våre trussøsken i den kampen som dei kjempar,» sa Lygre mellom anna.

 

 

Eirik Tappel ÅdlandI kyrkja var det sokneprest Eirik Ådland Tappel som talte. Han tok utgangspunkt i Marias lovsong i Lukas 1, og la vekt på at Gud er ein Gud som reiser opp dei nedbøygde og undertrykte, og dei forfølgde kristne er utan tvil i denne kategorien menneske. «Gud er full av omsorg og omtanke, og gjev både hjelp i naud og frelse frå fortaping.»

 

 

 

 

FakkeltogFaklane lyste fint opp i haustkvelden på Leirvik torg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?