Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

september 2013Monthly Archives

Morgonbøn for disiplar

 

Kjære gode Gud, FarOLYMPUS DIGITAL CAMERA, Son og Heilag Ande!

Eg kjem fram for deg denne morgonen fordi du elskar meg og ønskjer å ha fellesskap med meg, fordi du har skapt meg meg,  frelst meg og kjøpt meg, fordi du  vil velsigna meg, løfta meg opp, gleda meg, fylla meg, utrusta meg, styrka meg og bruka meg, fordi du er min Gud og eg er ditt barn.

Frå sola står opp til ho går ned vil eg prisa namnet ditt, løfta deg opp og berømma deg. Du er god, og di miskunn varer til evig tid. Store og mektige er dine gjerningar. Ingen kan måla seg med deg, og du sjølv er heilt utan mål, allmektig, allvitande og nær over alt. Du fyller himmel og jord, og englane og alle dei heilage jublar for deg, du som er heilag, sannferdig og god og i alle ting til å stola på.

Ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys for min sti. Eg vil ta vare på det i hjarta mitt slik at eg ikkje syndar mot deg, eg vil grunda på det og tala om det når eg står opp, når eg går på vegen, når eg sit ved bordet og når eg legg meg om kvelden, og eg vil vitna om deg og di frelse for alle dei som du fører i min veg.

Du har sagt: «Be til meg, så vil eg syna deg store og ufattelege ting, ting du ikkje kjenner!»

Herre Jesus!  Lat meg få vandra med deg idag, og sjå at du gjer dine under mellom menneska, at folk blir frelst frå sine synder, lækt frå sine sjukdomar og fri frå demoniske makter som blindar dei og  held dei fanga i synd, ureinskap og vantru.

Bruk meg denne dagen. Må din kjærleik og di kraft strøyma ut frå meg til evig liv for menneska. Må dei få møta deg i meg slik at dei kan smaka deg, erfara din godleik og evig lovsynga deg, du den einaste sanne Gud, Herre over alt og alle.

 

Bjelland bedehus på Kristkyrkja sine hender

Bjelland bedehus I dag vart Bjelland bedehus formelt overført til Kristkyrkja på Stord. Det er ein god dag for oss. Me tenkjer oss at me skal bruka huset til mange ting, men primært ønskjer me at det skal vera eit bønesenter der folk som ønskjer å be kan koma og gjera akkurat det. Gud har knytta sterke løfter til bøn, og me har all mogeleg grunn til å søkja han både åleine og saman.

Tale frå møte på Seimsfoss fredag 20. august

Me hadde eit godt møte med venene våre i Kvinnherad fredag 30. august. Marit Aas hadde ei fin innleiing som opna for ærleg samtale, Tone Hellesøy leida lovsongen på ein framifrå måte, og Pastor Jens Thoresen tala over emnet «Frykt ikke!». Talen kan du høyra her: http://www.mediafire.com/listen/plb8ay080z6p8t0/Frykt_ikkje._Seimsfoss_30.aug..WMA

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?