Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Gudstenesta søndag 21.april

JRRSøndag er alle hjarteleg velkomne til vår barnevenlege gudsteneste i Utbygdo grendahus kl. 11. Pastor Jens Thoresen har ansvaret for barndelen og vil laga til eit dramastykke om dei to læresveinane som den første påskedagen møtte Jesus medan dei var på veg  til Emmaus. Den dagen endra alt seg for dei, tanken om livet, Gud og framtida endra seg totalt.

Søndag er det Jørn Rune Reinertsen (bilete) som talar for dei vaksne. Han tek utgangspunkt i Johannes 14,1-6, fantastiske vers som fortel oss at Jesus lagar ein værestad for oss i himmelen, at han kjem attende for å henta oss heim til seg og at det er HAN, og HAN åleine som eg VEGEN, SANNINGA og LIVET, og at ingen kjem til FAR utan gjennom HAN.

Dette blir veldig bra. Vel møtt til ei feststund saman med Jesus og kvarandre!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?