Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Bøn for Stord og misjonsvisjonen for Stord

Herre, du som elskar alle menneske, som har døydd for oss og betalt for alle syndene våre med ditt eige liv og blod, eg ber: hjelp oss som trur på deg, og som kjenner deg, å stå modig fram, vitna om deg og di frelse for alle som bur på Stord, og invitera dei inn i din familie.

Gode Gud! Me har så vidt starta på noko som me vil skal bli stort og omfattande, noko som forandrar både kyrkjelyden din på Stord og heile byen på ein radikal måte. Lat det lukkast. Dette er dine tankar, planar og visjonar, og berre du kan bera det gjennom.

Hald auga med fienden, er du snill. Me mistenkjer han for å pønska på ting. Hjelp oss å avsløra planane hans og alltid koma han i forkjøpet.

Herre Jesus! Eg ber om at alle kyrkjelydane og bedehusforsamlingane på Stord skal gje seg til denne misjonsvisjonen slik at me kan vera eitt, og erfara krafta som blir utløyst når me som er dine barn står saman om det oppdraget du har gjeve oss.

Eg veit at me ikkje kan lukkast ut frå eigne forutsetningar. Difor ber eg: Aus Anden din utover oss og utover Stordsamfunnet. Fyll oss med din kjærleik for dei fortapte, og utrust oss med Andens kraft og Andens gåver slik at me kan vitna og profetera kraftfullt og treffsikkert, og lat ordet ditt blir stadfesta ved at det skjer under og teikn når me ber for folk.

Far i himmelen! Du er alles skapar og den einaste rette far for alle menneskebarn. Eg ønskjer meg ein stor familie og mange nye søsken. Må ditt lys fløyma inn over Stord og opplysa kvart einaste menneske her, og lat lyset ditt vera sterkt også i meg.

Du er ein vidunderleg god Gud. Det er fantastisk å få tena deg, og eg ber på vegne av oss alle: Fyll oss! Bruk oss! Leid oss!

Amen!

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?