Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Misjonsprosjekt

Nytt støtteprosjekt: Antalya Evangelical Church

antalya-ev-ch-2 Antalya evangelical Church har eit rikt og veksande ungdomsarbeidElles har me no også inngått ein fast støtteavtale med Antalya Evangelical Church i Tyrkia. I dette landet er 98% av befolkninga muslimsk. Dei fleste kristne er ortodokse. Om lag 3000 er evangeliske. Når Antalya Evangelical Church samlast til gudsteneste, må dei ha politivakt utanfor kyrkja. Elles vil dei fort bli utsette for åtak frå muslimske grupper. Dei treng vår støtte, og me går inn med 2000 kroner i månaden i første omgang.  Kontakten blir formidla gjennom Stefanusalliansen. Det er lett å reisa til Antalya, og kanskje kan nokon av oss reisa ned og besøka pastor Ramazan (bilete under) og gjengen hans. Dei er svært offensive i sitt kristne uttrykk, og har no planta nye kyrkjelydar i Alanya, Lara og Kaleici. Fint å kunna støtta kristent arbeid i det område som Paulus i si tid starta misjonsarbeidet sitt i Asia (som det heitte på den tida)

pastor-ramazan

wycliffe, logoWycliffe bibeloversetjarar

driv pionermisjon i over tusen folkeslag som aldri har kunna lesa Bibelen på sitt eige morsmål. Parallelt med bibeloversetjing blir det drive skriftutvikling og alfabetisering. Kristkyrkja har støtta Wycliffe økonomisk i mange år, og har stor glede av det.

 

For å få vita meir om denne fantastiske organisasjonen, kan du gå inn på http://www.wycliffe.no. Der vil du finna mykje god og aktuell informasjon.

Dersom du vil gje ei øyremerka gåve til eitt av misjonsprosjekta kan du gjera det ved å senda ditt bidrag til 3520 5443663, merka sendinga anten Antalia Evangelical Church eller Wycliffe bibeloversetjarar, så formidlar me pengane vidare.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?