Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

NyhendeCategory Archives

Nokre biletinntrykk frå Solgryhelga

John Ruben, Isak, David og Jonas på kanotur

 

Under talentiaden var det denne fine gjengen som tok prisen då dei song «Vestlandet».

 

I år, som i fjor, var Kristin Sundfør talentiadesjef, ei rolle og fiksar meisterleg.

 

Kraftig og engasjert
ung lovsong

 

Dette er truleg Juliana bak rattet

 

Pastor Jens på rotur med småttisane

 

Ein ny fantastisk weekend på Solgry der me fekk sjå Guds gjerningar skje midt mellom oss.

Me bad i forkant av denne helga: «Gud lat oss få sjå deg og dine gjerningar!» Og me fekk svar. To bestemte seg for å følgja Jesus, ein vart meir glad i Jesus og ein vart fri frå smerter i føtene sine etter forbøn. Folk var i godt humør, og det var skikkeleg god stemning på alle arenaer frå start til slutt.

Ein av talane vart teke opp med suksess. Den vart halden av Elin Mosevoll laurdagskvelden, og handla om sanning og løgn. Den var berre SKIKKELEG god, og bør lyttast til av alle som ikkje fekk han med seg. Her er den:

http://www.mediafire.com/file/tc7cxja8x4wym96/Elin_Mosevold_20.mai._Solgry.mp3

Elin Mosevoll er frå Osterøy, men har tidlegare vore medlem i Kristkyrkja på Stord.

Konfirmant i strålande sol

Juliana i den fine, nye bunaden sin

Det vart ein fantastisk fin konfirmasjonsdag for Juliana Mohammad i dag. Strålande sol, om enn litt kaldt i lufta. Det var god stemning frå start til slutt. Gjestene var i godt humør, som seg hør og bør, og Juliana svarte elegant på alle spørsmål ho fekk om den kristne trua frå pastor Jens Thoresen, og på festen etterpå talte ho som ein prest.

Det var ho ikkje åleine om. Ho fekk mange fine helsingar, og spesielt gjorde det veninna Lea sa, inntrykk både på Juliana og alle som var til stades. Det var gode ord frå hjarta.

Her er ein oppsummering av talen søndag
http://www.mediafire.com/file/p81lzu33awawhio/Efesarbrevet_2%2C8-10.m4a

 

Familien på eitt brett: Frå venstre veslesøster Mirjam, mamma Fahima, Juliana og pappa Mostafa Her er alle gjestene samla på kyrkjetrappa

Ein ny heilt topp weekend på Solgry

Det er ingen tvil: Alle vil tilbake i i 2016. «Det var ein KJEMPEGØY weekend». Det meinte alle heilt unisont. Sang og dans, drama og undervisning, go-cart og fortball, minigolf og sykling, ja til og med bading i det kalde været. Og VELDIG god mat. Går det an å ha det betre? I år var det eit absolutt fleirtal av barn som var med, og sjølvsagt måtte møter og alt anna leggast opp der etter.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Hjartemuskelsongen vart svært populær. Fengande melodi og fin tekst.

Fotballkamp1

Under fotballturneringa gav både store og små alt, kan du seia.

Fleire bilete frå helga her: Glimt-frå-Solgryhelga-2015

Inntrykk frå gudstenesta 15.februar

Me syntest me fekk ei fin gudsteneste på søndag, og her er nokre fotografiske inntrykk frå kameraet til Hans Gunnar Nilsen                                                  

Gudsteneste 11.januar

Marit 50 årPå gudstenesta søndag er det Marit Helene Aas som skal tala. Det kan me ha stor forventning til. Men før ho slepp til, skal me alle vera med og prata om teksten rundt borda. Teksten som dannar utgangspunkt for talen og samtalen er Apostelgjerningane 10,38, der Peter seier om Jesus at » at Jesus frå Nasaret vart salva av Gud med Den Heilage Ande og kraft, og at han gjekk ikring og gjorde vel og lækte alle som djevelen hadde fått i si makt; for Gud var med han.»

Pastor Jens Thoresen har ansvaret for søndagsskulen, og han skal snakka om vinunderet som Jesus gjorde då han var i bryllaup i Kana i Galilea.

VEL MØTT BÅDE STORE OG SMÅ!

Her er ein film om Vinunderet. Den skal me sjå på søndag:

 

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?