Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Bøker alle bør lesa

Bøkene som her blir presentert er til sals i kyrkjelyden, eller kan bestillast på denne mailadressa: pastor@kristkyrkja.no

Bach/Zhu: Kinas blodrøde kors

Kinas blodrøde korsI Kina føregår historias største vekking. Kvar dag blir 30000 menneske i Midtens rike frelst frå sine synder og sameina med Gud ved trua på Jesus. Vekkinga starta for fullt på 1980-talet då presset frå Kulturrevolusjonen letna. Men røtene til dette Guds verk går attende til starten av førre hundreår då den koreanske halvøya vart gjesta av Gud, og seinare vart også vår eigen Marie Monsen ein kanal for Guds kraft og liv i Henanprovinsen, og det er denne delen av Kina som er episenteret for alt som skjer i landet også no.

Den som vil forstå det som skjer i våre dagar i Guds rike i verda, kan ikkje hoppa over denne boka. Den gjev lesaren innblikk i vekkinga på ein måte som inga anna bok eg har lese. Her er det gripande historiar kombinert med klåre og djupe analysar.

Prokla-Media 2012

Pris: kun kr. 199,-

 

 

 

 

 

NagletFANTASTISK BOK. Svetlana Ivanovic frå Novi Sad i Serbia kjem i unge år inn i punk-miljøet i byen, og vert etter kvart fanga inn av heroinen. Det går mot stupet med henne. Ein dag vil ho ta livet sitt. Då høyrer ho ei røyst som seier til henne: «Kan du ikkje prøva meg først?» Det er Gud. Frå den augneblinken får livet hennar ein ny retning, og resten får du lesa sjølv.

Hermon forlag 2009

TILBODSPRIS: KR 79,-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?