Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Sann kristendom del II

I del 1 såg me på det faktum at det er dei som kjenner Gud som har evig liv.  Å vera kristen er å ha eit rett høve til Gud, og ikkje noko anna. Korleis får eit menneske eit rett høve til Gud? Ved å venda om til han. Kva er det å venda om? Det er å sanna syndene sine, venda seg bort frå dei og overgje seg til Gud utan vilkår. Det liknar på ein kapitulasjon.

Det er stor nåde at Gud kallar oss til omvending. Hadde ikkje Jesus døydd for oss, kunne ingen venda om til Gud. Døra hadde vore stengt for oss uansett kor mykje me hadde angra. Men no er døra inn til Gud open. Jesus har opna ho, og alle som vil kan gå til Gud og overgje seg og bli motteken i kjærleik,. Dette er sterkt skilda av Jesus i likninga om den bortkomne sonen i Lukas 15,11 ff. Me kan neppe overvurdera betydninga av Jesu kross. Der fjerna han syndene våre, og dei kan ikkje lenger hindra oss i å bli Guds kongsbarn, om me berre vil.

Ingenting er så stort for meg som dette. Difor er ikkje omvending eit lovkrav, det er Guds nåde frå a til å.

Men dermed er det også slik at dei som ikkje vil nytta seg av omvendinga sin mulegheit, blir ståande utanfor Guds nåde og under Guds vreide.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?