Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Gjetaren og leigekaren

Jesus er overgjetaren.
Han elska verda, les me, difor kom han for å ofra seg for våre synder og stå opp att til vår rettferd.
Det er svimlande stort, og når me tenkjer på dette, vellar takk og lovsong opp i oss.

Jesus var motivert av kjærleik. Han MÅTTE berre bera fram dette offeret, les me i Lukas 24.  Kjærleiken tvinga han til å bli vår bror, frelsar, konge og hovding.

Kristne leiarar i ulike fasongar må vera kalla av Jesus og motiverte av hans kjærleik, og ikkje at personlege ambisjonar korkje i form av forteneste, karriere eller berømming. Alt slikt tilhøyrer denne verdas drivkrefter, skriv Johannes i sitt første brev kap.2.

I Johannes 10 snakkar Jesus om at leigekaren i motsetning til gjetaren.  Leigekaren er motiverte av utsikt til forteneste. Han tenkjer på seg sjølv, og har ikkje kjærleik til sauene. Det som karakteriserer leigekaren er at dei flyktar når dei ser ulven koma, altså i farens stund. Eigenomsorgen er større enn omsorgen for sauene.

Gud hjelpe meg at eg ikkje blir ein leigekar!

Dei sanne kristne leiarane er gjetarar som alltid stiller seg mellom flokkane sine og djevelen, og på kne for Gud, i sjelesorg, forkynning og disippelopplæring held dei djevelen på avstand frå «familien» sin så godt dei kan.

Jesus sa om seg sjølv: «Eg kjenner mine, og mine kjenner meg!»

Ein sann kristen leiar veit kven han/ho er leiar for, han kjenner dei, brukar tid med dei, lyttar til dei og ber for og saman med dei, og når leiaren er åleine med Gud, reiser han/ho seg mot fienden og jagar han bort med myndige ord talt i Jesu namn.

Lukkelege er dei kristne som har slike gjetarar (pastorar).

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?