Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Seksualitet og kjærleik, av pastor Jens Thoresen

Seksualitet er ikkje einsbetydande med kjærleik. Å elska er ikkje å liggja saman. Seksualitet kan gjerne vera det motsetta av kjærleik, rein egoisme.

Difor er det beklageleg at HLBG-rørsla sausar saman desse to omgrepa som om det skulle vera eitt og det same. Det er det ikkje, og det er ein katastrofe dersom denne gruppa skal ha monopol på å definera kjærleik.

«Alle må få elska dei dei vil,» sa statsministeren, og meinte at alle må få ha intimitet med dei dei vil. Men det går jo ikkje. Det veit jo alle. Det er og blir ein bløff. Det ville blitt kaos om me alle gav oss inn på ein slik livsførsel.

Kjærleiken er heva høgt over seksualiteten. Det er å setja eit anna menneske si lukke framfor si eiga, om å yta, ikkje å nyta.

Me snakkar om det å vera ekte medmenneske, og ein treng så visst ikkje vera seksuelt aktiv for å elska sin neste.

Den ultimate kjærleiken synte Jesus Kristus då han døydde for alle menneske på ein romersk kross. Det gjorde utruleg vondt, men han måtte gjennomføra det om verda skulle frelsast, og han gjorde det fordi han elska oss så vanvittig høgt, og der, på hans kross,  vart grunnlaget for vår evige lukke lagt. Han gav alt, me fekk alt, om me vil ha det.

Jesus var det største medmenneske som har levd. Han kalla seg for Menneskesonen, dvs. det ideelle menneske. Hans liv er vårt mønster, og ingen har elska så radikalt som han. På krossen bad han for bødlane sine og sa: «Far, tilgje dei, for dei veit ikkje kva dei gjer.» Og i Bergpreika serverer han eit bod som går himmelhøgt over det som noko anna menneske kunne funne på då han sa: «Elsk fiendane dykkar, velsign dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk, og be for dei som mishandlar dykk og forfølgjer dykk. 45 Slik kan de vera born av Far dykkar i himmelen.» Matteus 5,43-45.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?