
Tale og song av Håkon Carl Hartvedt. Alle ver velkomen!

Denne søndagen vil eg tala over 1.Tessalonikarbrev kapittel 1 vers 1-5a.
Det kjem til å handla om krafta i det å alltid takka Gud, om det å ha ei levande tru på han som er vårt håp, nemleg Jesus Kristus.
Her kan du lesa talen på førehand. Gjer du det, vil du nok få mykje meir ut av han når du høyrer han 🙂

Denne søndagen får me besøk av Øystein Åsen frå Asia Link. Han er ein strålande forkynnar, sangar og musikant. Asia Link er ein misjonsorganisasjon som både leiar og støttar misjonsarbeid i mange land i Asia. Dei sender ikkje ut eigne misjonærar, men jobbar gjennom lokale evangelistar og kyrkjeplantarar, og besøker dei som driv prosjekta ganske ofte. Dette kjem til å bli ei gudsteneste du vil hugsa med glede, og Øystein Åsen blir verande i Sunnhordland til torsdag og besøka ulike kyrkjelydar og bedehusforsamlingar: Mandag kl 19: Jesuskvinner i Rosendal. Tysdag kl 19: Betania Øvrebygda (Fitjar) og Onsdag kl 19: Tittelsnes bedehus. Torsdag går turen vidare til Austevoll og deretter til Bergen. Vel møtt til alle som vil vera med.