Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

august 2021Monthly Archives

Gudsteneste 15.august

Gleda er grunnstemninga i kristendomen. Det kan me trygt seia for engelen som talte til gjetarane på Betlehemsmarkene julekvelden sa: «Sjå, eg forkynner dykk ei stor glede..» Denne gleda var Jesus. Han er vår glede. Difor er den kristne glede stabil og ber og gjennom alle livet sine skiftande stemningar. Vel møtt til ei feststund i Kristyrkja søndag kl. 11

Den bortkomne sonen. Tale 8.august av pastor Jens Thoresen

Gudsteneste søndag 8.august

Frå denne veka er pastoren attende på jobb, og komande søndag startar me opp att med gudstenester. Dety startar som vanleg klokka 11.
Denne søndagen  får du høyra ein tale over den kjende teksten  om «Den bortkomne sonen» i Lukas 15,11-32,  han som drog ut i verda og som angra seg og kom heim att. Det er ei fin forteljing som lærer oss mykje både om Gud som Far , og om kva krefter  som påverkar og driv oss menneske.  Du er hjarteleg velkomen saman med alle dine.

Be gjerne om at me skal få ei fin stund saman.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?