Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

desember 2018Monthly Archives

Agenda 1, informasjon og inspirasjon

Egil Elling Ellingsen, Anne Kristin Bruns og Trygve Maldal stor for forkynninga, medan Daniel Alexander Miles leida lovsongen, alt excellent.

Det møtte representantar for Kristkyrkja, Stord Bibelsenter, Sion Moster, Salem Moster og Kristent Fellesskap Bømlo. Me hadde ein stor kveld, og det verka som om dei som var der vart motiverte for meir. Men no må dei attende til styra sine og motivera venene sine.

Me startar Agenda 1

Tysdag 4. desember kjem Anne Kristin Bruns, Egil Elling Ellingsen, Daniel Miles og Trygve Maldal på besøk til oss for å informera om og starta opp med Agenda 1 lærefellesskap i Sunnhordland. Dei kyrkjelydane som så langt har synt interesse er forutan Kristkyrkja på Stord, Stord Bibelsenter, Sion Moster, Salem Moster og Kristent Fellesskap Bømlo.

Agenda 1 er eit utviklingsprogram med tanke på å gjera kyrkjelydane misjonale. Det handlar om å vinna menneske for Gud og fostra dei til å bli disiplar med menneskefiskarkompetanse.

Her er ein PowerPoint-presentasjon som skisserer opp dei fundamentale tinga vedrørande Agenda 1. Følg linken: https://drive.google.com/file/d/1V5EUhHF8zheWOIoBKep4wxqHdKXFXJrR/view?usp=sharing

Du kan også ta ein titt på nettsida til Agenda 1: www.agenda1.no

 

Tale 2. des. Tema: «Herren kjem!» Talar: Pastor Jens Thoresen

Denne talen er tilpassa barn og unge, men slett ikkje banal.

For å følgja med på PowerPointen, søk på denne adressa:
https://drive.google.com/open?id=1l2fwPY8TfpkKZRqaUgfne30BiGjMhpRp

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?