Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Gudsteneste 13.mai.


Søndag 13.mai er det Knut Arve Nordfonn som skal tala på gudstenesta i Kristkyrkja, og han kjem til å tala over kor viktig det er for oss kristne å vera eitt, og kva som skal til for at me skal bli det. Teksten hans er Efesarbrevet kapittel 4 vers 3-4. Me som bur i Noreg har gode forutsetningar for å forstå dette, me som set solidaritet som ein av dei viktigaste verdiane i samfunnet. Dette er tankar som har festa seg i oss etter hundreår med kristen påverknad, for det var Gud som på pinsedagen lanserte tanken om einskap på tvers av alle ulikskapar. Vel møtt til i Kristkyrkja søndag 13.mai kl. 11. Det blir søndagsskule, lovsong, nattverd og mykje meir.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?