Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

november 2016Monthly Archives

Han skal venda fedrehjarto til barna. Andakt

http://www.mediafire.com/file/uxmla8vuaeu8u5m/Lukas_1%2C17._Ei_farsvekkjing

Gudsteneste 13.november

Søndag vil pastor Jens Thoresen tala over emnet «Bli fylte med Anden» ut frå Efesarbrevet 5,18-20, vers som også syner vegen inn i ein slik type liv.
Kristin Sundfør vil ha søndagsskule. Elles skal me prisa Gud saman og nyta nattverdsfellesskap. VELKOMEN TIL ALLE!

Felles bøn torsdag 3. november

Torsdag 3. november blir det felles bøn for alle kyrkjelydane på Stord i Stord Bibelsenter kl. 19.30. Vel møtt der!

Gudsteneste 6.november med spennande tema

knut-arveKomande søndag er det Knut Arve Nordfonn som skal tala i Kristkyrkja. Temaet hans er: «Og desse teikna skal følgja dei som trur.»

Desse orda av Jesus er henta frå Misjonspåbodet slik det vert attgjeve hos evangelisten Markus. Dei overnaturlege teikna skal vera ei stadfesting frå Guds side om at evangeliet er sant og truverdig.

Etter gudstenesta på søndag blir det kyrkjekaffi og sosialt fellesskap.

Du og dine er hjarteleg velkomen!

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?