Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Helgeprogram

thor-helge-ligardLaurdag: Bibelseminar med Thor Helge Ligård
Søndag: Gudsteneste og TV-innsamlingsaksjon

På laurdag er me inviterte til Stord Bibelsenter for å vera med på seminardag om bibel og bøn.

Dei får bersøk av Thor Helge Ligård. Han er no busett i USA, men reiser visstnok i mange land og forkynner Guds ord.
Seminaret startar 11 og varer til 15.
Den første delen vil han snakka med oss kvifor me har god grunn til å stola på Bibelen.
Så blir det ein pause med litt mat. Etter pausen snakkar han om korleis me kan leva nær til Gud.
Begge tema er viktige, og dei heng saman. Håpar mange har lyst å vera med.

jens-7Søndag blir det GUDSTENESTE i Kristkyrkja i Bjellandsvegen 51 på vanleg måte. Nils Jonas Sætre skal takast opp som ny medlem. Det er kjekt. Det blir tale av pastor Jens Thoresen.

tv-innsamingsbosseEtter gudstenesta skal me vera med på TV-innsamlingsaksjonen og gå med bøsser.
Så langt er det fire som har sagt ja til å vera med. Me treng fleire. Så meld deg på.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?