Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Jesus opna Skriftene, og hjarto begynte å brenna

 

walking_with_jesus

Etter at Jesus hadde stått opp frå dei døde, viste han seg først for nokre kvinner. Det var dei som kom til grava i håp om å kunna få salva den døde kroppen hans. Men dei fann grava tom, og Jesus i levande live. Dei sprang og fortalde det til dei tolv apostlane til Jesus, men vart ikkje trudd.

Seinare på dagen synte Jesus seg også for to sorgfulle og forvirra vener som var på veg frå Jerusalem og heim til Emmaus. Men dei kjende han ikkje att med det same. Han kom i samtale med dei, og begynte å undervisa dei ut frå Det gamle testamentet om kvifor Messias måtte lida og døy, slik som dei hadde sett henda med Jesus.

Han opna Skriftene for dei der på vegen, og hjarto deira begynte å brenna. Jesu undervisning opna døra inn til ei ny verd for dei, og det var som dei gløymde tid og stad. Då dei kom fram til Emmaus, inviterte dei han inn på kvelds, og då han sette seg og braut brødet, kjende dei han att.

Dette var historias første bibelgruppe, eller huskyrkje om du vil. Jesus, Bibelen + to til tre disiplar, er ein perfekt kombinasjon.

Også i dag møter Jesus oss menneske gjennom Skriftene og  brødsbrytinga (nattverden). Så lenge Bibelen blir forkynt og nattverd feira, er det von for verda.

På søndag vil me setja fokus på denne bibelforteljinga frå Lukas 24 når me samlast til gudsteneste i Kristkyrkja. Velkomen til Bjellandsvegen 51 kl. 11. Denne søndagen vil JOHN INGE ROLFSNES vera med oss og leida lovsong.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?