Me er inviterte til å koma til Innvær bedehus på Bømlo for å halda møte med dei som er knytt opp til dette huset. Det gjer me så gjerne. Håpar heile Kristkyrkjegjengen har lyst å vera med 🙂
Følgjande pressemelding er sendt til Bømlo-nytt:
Kristi himmelfartsdag kjem Kristkyrkja på Stord til Innvær bedehus for å arrangerer familiemøte der. På mange måtar hadde denne kyrkjelyden sitt utspring på dette bedehuset. På 1980-talet reiste Reidar Paulsen (på den tid pastor i Bergen Frikirke) trufast til Innvær bedehus kvar 14. dag i åtte samfulle år og heldt bibeltimar. Denne verksemda resulterte i oppstart av Sunnhordland Frikyrkje i 1991, som i sin tur danna utgangspunktet for Kristkyrkja på Stord som vart grunnlagt 1994. Difor set me ekstra pris på å bli invitert til dette bedehuset for å ha møte. På ein måte sluttar dette ein ring.
Kristi himmelfartsdag er meir eller mindre ein gløymd høgtidsdag blant kristne i Noreg. Det er sørgjeleg, for på denne dagen skal Kristi kyrkje fokusera på det store oppdraget som Jesus gav læresveinane sine. Det handlar om misjon. Før Jesus forlet venene sine og steig opp til Faderen, gav han dei oppdraget om å forkynna evangeliet for all skapningen. Dette blir vårt fokus på dette møtet. Vel møtt til alle.