Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

februar 2016Monthly Archives

GODHET STORD 2016. INSPIRASJONSDAG

GODHET_logo_01_RGB
Me har for alvor begynt opptrappinga til GODHET STORD 2016. I den samanheng vert det INSPIRASJONSDAG på Horneland bedehus laurdag. Me startar kl 11, og held på til me er ferdige smile emoticon, truleg rundt kl 14. Der er alle som er interessert i å delta på Godhetsveka 31.mai til 4 juni hjarteleg velkomen til å vera med. Det blir undervisning om godhet som grunnkrafta i kristendomen, og gjennomgang av kva dette inneber i praksis for oss. Så blir det forfriskningar av meir kulinarisk art undervegs. Kom og bli med då vel

Lytt til grensesprengande talar av Eivind Frøen

Under fellesmøtene 5.-7. februar fekk folket lytta til forkynning av grensesprengande forkynning. Her kan du også lytta til denne livgjevande forkynninga.

 
http://www.mediafire.com/file/iu97lpk2vollm4j/Guds_rike_II%252C_Eivind_Fr%25C3%25B8en_06.02.2016.mp3/file

http://www.mediafire.com/file/za1b5q2avn9f0x1/Guds_rike_I%252C_Eivind_Fr%25C3%25B8en_6.feb_2016.WAV/file

http://www.mediafire.com/listen/dm8p9z82jjm2md7/Eivind_Fr%C3%B8en._S%C3%B8ndag_7.februar_2016.mp3

http://www.mediafire.com/listen/j48w663rcg6wnm3/Eivind_Fr%C3%B8en._Fredag_5.februar_2016._Herrens_ild..wav

http://www.mediafire.com/listen/za1b5q2avn9f0x1/Guds_rike_I%2C_Eivind_Fr%C3%B8en_6.feb_2016.WAV

http://www.mediafire.com/listen/iu97lpk2vollm4j/Guds_rike_II%2C_Eivind_Fr%C3%B8en_06.02.2016.mp3

http://www.mediafire.com/listen/4001zc4tjpeey2h/Eivind_Fr%C3%B8en_Humanisme_kontra_kristendom._%E2%80%93_Kopi.mp3

Eivind Frøen til Stord 5.-7. februar

Eivind 3Eivind er ein stor pioner i Guds rike. Han starta Ungdom i Oppdrag (Noregs største misjonsorganisasjon) i slutten av 1960-talet, og seinare Asia Link og China Care International.

Han er ein fantastisk forkynnar som formidlar Guds nærvær og Guds sanningar til folk på ein måte som elles er sjeldan å oppleva. Her vil du kunna lytta til ein mann som har erfaringar og opplevingar langt utover det vanlege, og han har det med å opna augo våre for nye realitetar.

Han har sidan sist (februar 2015) reist mykje i Kina og Midt-Austen, m.a. tett opp til ISIL-kontrollerte områder.

Det er Kristkyrkja som arrangerer desse møtene saman med Stord Bibelsenter, Nytt Liv og Den Frie Evangeliske Forsamling, Ebeneser

Møtene blir i gymsalen på Langeland skule.

Her finn du programmet for møtene.

 

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?