Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

februar 2016Monthly Archives

Gudsteneste søndag 28.februar

Marit 50 årSøndag er du hjarteleg velkomen til gudsteneste kl 11. Me held til i Bjellandsvegen 51. Marit Helene Aas vil tala om den gongen Jakob kjempa med Gud og vann. Utruleg spennande tekst.

Så blir det som vanleg søndagsskule, lovsong og nattverd.

Felleskristen bønekveld

prayer_meeting

Torsdag 25.februar møtest me igjen til «felleskristen bønekveld». Tid: 19.30. Medarrangørar: Den Frie Evangeliske Forsamling Ebeneser, Kristent Fellesskap, Nytt Liv, Stord Bibelsenter.

Ein refleksjon over Salme 49

http://www.mediafire.com/watch/nwjczc2ys53x15n/Bibelrefleksjon._Salme_49..m4a

Tale 14 februar over Salme 51,8-21 av pastor Jens Thoresen.

http://www.mediafire.com/listen/yknmy4j0ts9xbut/Salme_51%2C8-21.mp3

Årsmøte

Det blir årsmøte for Kristkyrkja i Kristkyrkja tysdag 16. februar.  Me startar med felles måltid kl. 16.30. Under kan du lesa Årsmeldinga for 2015:

ÅRSMELDING 2015

 

 

Gudsteneste søndag 14.februar

Jens-7Søndag er det gudsteneste i Bjellandsvegen 51 kl. 11. Pastor Jens Thoresen vil tala over Salme 51,8-20, ein utruleg innhaldsrik tekst. Her er det mogeleg for deg å få sjå djupare inn i Guds råd og planar med deg. Kristin Sundfør  har ansvar for søndagsskulen og Knut Arve Nordfonn leier det heile. Du kan gleda deg til ei flott gudsteneste. Denne bør du ikkje gå glipp av. Vel møtt!

Denne søndagen tek me opp kollekt til GODHET STORD 2016.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?