Kvart år arrangerer Bethel Church i Redding, California to leiarkonferansar, Leaders Advances, èin på våren og èin på hausten. Denne gongen sende Kristkyrkja pastoren sin samt Tove Thoresen, Marie Notland og Marit Helene Aas av garde, og dei kom attende med sterke inntrykk, og med inspirasjon for det som ligg framfor medlemmene i Kristkyrkja på Stord.
Under opphaldet møtte dei utruleg mange venlege folk som dreiv kyrkje på ein skikkeleg proff måte. Sjølve kyrkja låg på ein fredleg høgde, litt utanfor byen. Rundt bygningane var det eit innbydande parkanlegg, og midt i dette eit vakkert bønekapell som var ope 24/7. Inni kapellet var det springvatn og kontinuerleg lovsongsmusikk. Kapellet var bygd i davidsstjernefasong med store vindauga og vakker utsikt på alle sider. Dei kom fram fredag 30.oktober. Konferansen begynte først onsdag 3. november, men hadde fullt program frå dag èin. Tenk berre på dette: Søndagen var det 3 gudstenester med 1000 mennesker på kvart møte. Den første var kl 8 om morgonen, den andre kl. 10.30 og så ei kl. 12.30. Om kvelden var det møte igjen for alle som ville og fekk plass. Kunne du ikkje tenkt deg å vera med i ein slik atmosfære? Du verda. Her er det berre å ta inn og læra.
Under konferansen var det kristne leiarar frå over 30 nasjonar, alle med kvar sitt uttrykk. Det var ikkje så lite himmel berre over det. Framtonande leiarar i Bethel er Bill Johnson og Kris Valloton. Dei har bygd opp ei kyrkje med ein bibelskule som servar folk frå mange land, ein lovsongskultur som er heilt unik, og dei demonstrerer rausheit utover det vanlege. Me vil gradvis koma attende til lærepunkt frå konferansen.
Det var ei stor oppleving å få syngja lovsongar saman med Jeremy Riddle. Han var mykje på scena under Leaders Advance.
Opp mot kyrkja var det ein portal med flagg frå mange nasjonar, også, som du ser, frå Noreg.